Springen's Sara

NUCH NJ(b)CH

NV-00

Springen's Sara    

 

21273/97

 

Stamtavle Sara

 

 

TIL FRAMSIDA

 

 

Springen's Sara var født 24.oktober 1997, og var den fyrste svarte elghunden vår. Oppdrettar er Ola Voll på Ulsberg i Rennebu. Med denne hunden vart det full klaff for vår del. Ei robust og triveleg tispe med eit utruleg godt gemytt. Ho gjorde det godt på både utstillingar og jaktprøver og ikkje minst som ein super familiehund.

Vi hadde ikkje ungar då Sara kom til oss, men ho synte opp gjennom åra at ho har takla det meste, etterkvart som ungar og fleire hundar vart ein del av familien.

Kombinasjonen av svært mange gode eigenskapar i ein flott rase som ikkje er alt for stor, har gjort at den  svarte elghunden har vorte "vår" rase. Og fordi Sara synte seg å vera ein svært god representant for rasen, fekk ho prøve seg som avlshund.

Som avlshund har Sara gjort det svært godt, med mange gode etterkomarar. Dette har medført at vår interesse og vårt engasjementet for rasen har auka, og "hundelivet" har etterkvart fått ein vesentleg plass i familielivet på "Harvehaugen" der vi bur. Sara hadde fire kull med tilsaman 21 kvelpar. Desse har oppnådd 6 utstillingschampionat og 4 jaktchampionat, og mange av avkomma har vorte nytta i vidare avl, slik at Springen's Sara i dag finst i svært mange svarthundstamtavler. 

Sara var nesten 15 år gamal då ho den 8.august 2012 vandra over til dei evige jaktmarker.     

 

 

Sara på elgfall:

 

 

 

Sara på jakt: